NorTick 2014

Årets samling i NorTick, flåttforskernettverket i Norge, blei arrangert i Stavanger 5. og 6. februar.  Det var i overkant av 70 påmeldte, og som vanleg var det folk med veldig forskjellig bakgrunn, både legar, veterinærar,  biologar ;  folk frå helsevesen, forsking, forvaltning, og andre interesserte.

 

Programmet omfatta mange foredrag og mange tema, og med forskjellig vinklingar.  Både borreliose og andre flåttbårne sjukdommar var oppe. Ein del rapporterte om resultat frå pågåande eller ferdige prosjekt, men det var også presentasjon av nye prosjekt som er på gang. Mange av fordraga hadde fokus på biologi. Kunnskap om biologi og økologi i forhold til utbreiing og bekjemping av flått er viktig, på linje med kunnskap om biologien til dei patogene bakteriane, som vi treng for å kunne bekjempe infeksjonar på mest mulig effektiv måte.

Første faginnlegget var framlegging av eit kasus, ei sjukehistorie  som illustrerte veldig godt dei problemstillingane ein står overfor. Dette var ei nyttig bakteppe for resten av programmet. Susan O’Connel , pensjonert laboratorielege frå UK, var invitert foredragshaldar, og hadde eit oversiktleg innlegg der ho presenterte dagens syn på diagnostikk av Lyme borreliose.  Ho viste mykje til EUCALB og advarte mot å legge altfor stor vekt på resultat frå USA, sidan dei hovudsak har ein underart av Borrelia, i motsetning til Europa der det er minst 3 forskjellige.  Videre var det foredrag om planer for skandinavisk biobank for borrelia-serologi, om utfordringane med ”Chronic lyme”, om STING-studien i Sverige, og om nevroborreliose hos barn, for å nemne nokre . 

Av andre flåttbårne infeksjonar var det  Anaplasma og TBE som fekk mest oppmerksomhet. Mest spennende var likevel presentasjonen av eit nytt doktorgradsprosjekt  ved Sørlandet sjukehus, der dei planlegg å sjå på fleire flåttbårne sjukdommar og samanheng med subjektive helseplager.  Utgangspunktet blir ei epidemiologisk tilnærming, der dei vil sjå etter forekomst av antistoff i heile befolkninga i ei valgt kommune. Dei vil analysere for Borrelia, TBE, Anaplasma, Babesia, Bartonella, Rickettsia og Francisella. Dette er på mange måtar eit omfattande og ambisiøst prosjekt, og dei ansvarlege forskarane ser at dei vil møte metodiske utfordringar. Uansett er det svært positivt at det blir tatt eit konkret initiativ for å sjå breiare på desse problemstillingane.

Den andre inviterte fordragshaldaren var Olaf Kahl, frå Tyskland. Han snakka om flåtten, om biologi, økologi og adferd. Om at slik kunnskap kan brukast direkte inn mot forbygging mot flåttbitt og sjukdom, om bekjempelse eller begrensning av flåtten, og om bruk av kunnskapen til for eksempel å gi ”Flåttvarsel” til befolkninga.

Eit par av foredragshaldarane brukte begrepet ”Lyme war”, og kontroverser i flåttbårne sjukdommar var satt som overskrift for den  delen av møtet der pasientorganisasjonane hadde foredrag.  Ingen er tent med at krigsretorikken får innpass, for pasientane er det viktigste at nokon tar ansvar for å hjelpe.

 Gerd Berge frå NLBF hadde foredrag om Extra-prosjektet ”Flått dialog”, som er eit samarbeid mellom Sørlandet sjukehus og NLBF.  Samarbeidet har ført til betre kommunikasjon, sjølv om det er mange spørsmål vi er uenige om. For pasientforeninga er fokuset på dei langtidssjuke som ikkje får hjelp, mens det ser ut for oss som om spesialistane har sitt fokus på tidleg sjukdom og klassisk nevroborreliose. Målet er uansett å kome seg forbi kontroversane, og få til eit samarbeid med fagmiljø og helsemyndigheter slik at pasientane kan få betre hjelp i framtida.

Eit heilt nytt innslag i år var  deltakelse frå pasientorganisasjonen Lyme Disease Action (LDA) i UK. Leiaren der, Stella Huyshe-Shires hadde eit foredrag om forholda i UK, og samarbeidet dei har hatt med fagfolk og helsemyndigheter der i løpet av dei siste par åra. Resultatet frå dette samarbeidet er ei liste med prioriterte spørsmål som treng svar. Denne lista, som pasientar og fagfolk er enige om, har komme fram etter ein prosess som britiske myndigheter aksepterer som grunnlag for prioritering for  forsking.

 

Stavanger aftenblad om NorTick:

 http://www.aftenbladet.no/nyheter/lokalt/sola/–Norsk-flattforskning-er-utmerket–3350343.html#.UvPft_l5PVS

 

Presentasjonar frå møtet blir etter kvart lagt ut på  www.nortick.no

NLBF mobil

©  Norsk Lyme Borreliose - Forening  
Orgnr: 893991662 

Kontakt

Følg oss