Nyheter

NorTick 2011- Møte i flåttforskernettverket i Norge

FlattNotteroy08Årets samling i NorTick, flåttforskernettverket i Norge, forgikk i Kristiansand 9. og 10. februar, delvis i lokaler ved Sørlandet Sykehus, delvis ved Universitetet i Agder. Begge institusjonane har forskning innanfor området flått og flåttbårne sjukdommar. Møtet samla folk med veldig forskjellig bakgrunn, både humanmedisin, veterinærmedisin og  biologi,. Det er ganske unikt å ha ein slik arena der ei så variert gruppe fagfolk  møtes for å presentere forskningsprosjekt og diskutere.   For oss i pasientforeninga er det også ein spesiell anledning til å ha kontakt og dialog med fagmiljøa.


 

I år fekk vi i Norsk Lyme Borreliose-Forening anledning til å ha eit innlegg og presentere våre tankar omkring framtidsretta forsking på flåttbårne sjukdommar. Tittel på foredraget var ”Forskning  for eller på pasientene…?”.  Vi treng sjølvsagt begge deler, men på  sikt er det heilt nødvendig at vi får fram grunnleggande kunnskap som blir satt inn i ein samanheng, slik at det får praktisk betydning for pasientane.

Det var fleire foredrag som tok for seg kartlegging av borrelia og TBE i flått. Vivian Kjelland har akkurat levert si doktorgradsavhandling, og presenterte ein oversikt over arbeidet. Dei har samla masse flått, både frå vegetasjon og frå fuglar og dyr, og analysert innhaldet i flåtten med PCR. Eit av arbeida viser at no er også Borrelia valaisiana etablert i flåttpopulasjonen i Norge, det er ikkje berre funn i  flått frå trekkfugl. I flått frå vegetasjon er det B.afzelii som dominerer, mens det er mest B.garinii i dei fleste fugleartane. Trost er unntaket, den har meir B.afzelii. Mus ser ellers ut til å vere reservoar for B.afzelii.

Når det gjeld TBE så er dette viruset eit meir begrensa problem, sjølv om enkelte område heilt lokalt kan ha relativt stor forforekomst.  Det var også forskarar frå Danmark og Sverige som snakka om sine erfaringar med TBE. Det ser ut som flest menn blir sjuke av TBE. Små barn (under 3 år) blir svært sjeldan sjuke.  Sjukdommen er verst for vaksne, og kan føre til langtidsplager.

Nevropsykologiske funn 30 månader etter behandla nevroborreliose var tema for eitt foredrag, og undersøkelsen viste at det er ein del  problem med  seinvirkningar. Eit anna foredrag omhandla nevroborreliose hos barn. Barn får ofte litt andre symptom enn vaksne.  Hos barn med ansiktslammelse er det borrelia som er årsak til størstedelen av tilfella.

Det var orientering om fleire prosjekt som er i gang både i Norge og Sverige.  Det er gjort ein undersøkelse av antistoff for flåttoverførte infeksjonar hos blodgjevarar i Sogn og Fjordane. Ein liten andel av blodgjevarane hadde positiv antistofftest, men følte seg heilt friske. Eit prosjekt er i gang for å undersøke forekomst av Erythema migrans (EM) i allmenpraksis i Norge.  Foreløpige resultat viser  at det aktuelle området hadde rundt 5 tilfelle av EM pr 1000 innbyggarar. Det vil seie dei som hadde oppsøkt lege og fått påvist sikker eller sannsynleg EM, og fått behandling. Vidare vil prosjektet undersøke om det er forskjell i effekt av ulike typar antibiotika i behandling av EM.

I Sverige er det starta ein stor undersøkelse der dei analyserer flått som har bitt menneske, og vidare tar dei prøver av pasienten som blei bitt. Blodprøver av pasienten etter 0 og 3 månader blir analysert for antistoff. Undersøkelsen omfattar både Borrelia, TBE  og Anaplasma.  Les meir om Stingstudien her:  http://www.stingstudien.se/ ). No er det planlagt ein norsk ”arm” av Stingstudien slik at nordmenn i enkelte utvalgte kommuner  ka n få undersøkt seg og sine flått når dei er bitt.

Frå dyrehelsesida var det foredrag om anaplasma og epidemiologi, om feltforsøk med sau, flått og anaplasma. Det kan vere svært stor dødelighet på sau i område med anaplasma, men det er ofte sekundærinfeksjonar som fører til dødsfalla. Tidleg beiteslepp kan bedre situasjonen litt.  Det var også orientering om eit nytt stort prosjekt på sau og flåttoverført sjukdom. Eit av delprosjekta går på biologisk bekjempelse av flått, noko som vil vere fordelaktig både for folk og fe. Eit anna prosjekt som er i startgropa dreiar seg om endosymbiontar i flått og fe. Dette kan også innebere ei form for biologisk bekjempelse av flåtten.

Presentasjonar frå møtet blir etter kvart lagt ut på www.nortick.no

{jcomments on}

Følg oss